Leuven ['lø:və(n)] (fransk: Louvain; tysk: Löwen) er ein by og ein kommune sentralt i Belgia. Byen er hovudstad i provinsen Flamsk Brabant (Vlaams-Brabant) og hadde i 2014 om lag 98 000 ibuarar. Byen ligg cirka 25 km aust for Brussel og er heimstad for det største universitetet i Belgia.

Rådhuset i Leuven

Næring endre

Leuven i fyrste rekke ein handels- og trenestestad. I kommunen finst også kjemisk industri og fleire firma i næringsmiddelindustrien. Med sitt universitet er byen prega av studentar og studentliv. Anheuser-Busch InBev, verdas største bryggerikonsern, har hovudkontoret i Leuven.

Soge endre

Leuven er nemnd fyrste gongen i 884. Nybyggjarar frå Skandinavia prøvde å etablere seg kring ei eldre festning, Luvanium (latin) eller Lovon (lokal dialekt), ved osen av elva Dijle. Vikinga vart slegen av den frankiske kongen Arnulf av Kärnten i det blodige slaget om Leuven.

I 1190 vart Leuven herresete for hertugen av Brabant, som då hadde fått herredømmet over området. Gjennom mellomalderen utvikla byen seg til ein storby, basert på tekstilindustrien.

På 1300-talet tok nærliggjande Brussel over som sentralstad for hertugdømmet Brabant, og om lag samstundes minka tekstilhandelen mykje. I 1425 vart Leuvens katolske universitet, som vart det viktigaste læresentret i sørdelen av Benelux-området. 1500-talshumanisten og teologen Erasmus av Rotterdam var mellom dei som arbeidde ved universitetet. Leuven rådhus vart reist på 1400-talet, ofte omtala som eit meisterverk i seingotisk stil.

På 1700-talet vart det bygt opp fleire større bryggeri. Det er grunnlaget for det seinare InBev, produsenten av Belgias kanskje mest kjenda øl; Stella Artois.

Kjelder endre