Liberal

Wikimedia-fleirtydingsside
For tidsskriftet, sjå tidsskriftet LIBERAL.

Liberal (av latin liberalis, 'som har med ein fri mann å gjera', og liber, 'fri'), er ei nemning brukt på ulike måtar innan politikk og filosofi.

Ein skil vanlegvis i moderne norsk språkbruk mellom det å vere liberal og det å vere liberalistisk. Det å vere liberal på eit område betyr da noko slikt som å vere open, romsleg, tolerant. Det å vere liberalist betyr at ein er tilhengar av økonomisk liberalisme. Ein kan altså vere liberal utan å vere liberalist, og omvendt.

Som generell politisk merkelapp blir nemninga liberal som regel bruka av det borgarlege venstre, i Noreg partiet Venstre. Dei som kallar seg eller blir kalla liberalistar er vanlegvis lenger ute på høgresida, men grensa er flytande. Både dei liberale og liberalistane er tilhengarar av kapitalisme.

I USA, derimot, er tydinga av ordet liberal ei heilt anna. Her er det nærmast eit skjellsord brukt om folk ein meiner er for venstreorienterte.