Lichtenberg-figur

Lichtenberg-figur, lichtenbergsk figur eller elektrisk figur er ein figur som oppstår på overflata av ei isolerande plate når ho vert utsett for ein punktladning. Ein kan påvise figuren ved å drysse elektrisk ladd pulver ned på plata. Pulveret ordnar seg då i eit mønster som syner ladingsfordelinga.

Moderne «3D-Lichtenbergfigurar» i ei blokk gjennomsiktig akryl. Fraktalmønsteret trur ein strekkjer seg heilt ned til molekylnivå.
Ein person råka av eit lynnedslag. Merk den svake forgreininga av det raude mønsteret på foten.

Fenomenet kan nyttast til å studere eigenskapane til isolator. Tilsvarande figurar kan ein òg få fram i fotografiske emulsjonar og kan då framkallast på vanleg måte.

Figurane vart oppdaga av tyskaren Georg Christoph Lichtenberg i 1777. Då dei først vart oppdaga trudde ein at den karakteristiske forma kunne nyttast til å finne positive og negative elektriske «væsker». I 1777 bygde Lichtenberg ein stor elektrofor for å generere statisk elektrisitet med høg spenning gjennom induksjon. Etter å ha utladd ei kraftig punktlading til overflata av ein isolator, fann han mønsteret ved å drysse pulver oppå flata. Oppdaginga var forgjengaren til dagens plasmafysikk.

Kjelder endre