Lillefjorden
fjord i Måsøy i Finnmark
Lillefjorden (samisk Vuotkevuotna) er ein fjordarm av Revsbotn i Måsøy kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4 km søraustover til garden Lillefjord i botn av fjorden.
Lillefjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Måsøy | ||
Lillefjorden 70°41′57″N 24°37′06″E / 70.69927°N 24.618301°E |
Fjorden har innløp mellom Kvalneset i nordvest og Brottneset i søraust. Jordholmen ligg midt i innløpet til fjorden. Lillefjorden er 65 meter på det djupaste, like sør for Kvalneset.
Riksveg 889 går langs nordaustsida av fjorden. 70°41′57.372″N 24°37′5.8836″E / 70.69927000°N 24.618301000°E