Opna hovudmenyen

Koordinatar: 61°6′41.74″N 10°27′49.92″E

Lillehammer kyrkje
kyrkje
Lillehammer church.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Kommune Lillehammer
Arkitekt Henrik Thrap-Meyer
Teknikk Mur
Material Teglstein
Kyrkjegard Ja
Altar Trerelieff med Jesus i Getsemane av Maja Refsum
Diverse Koret er dekorert med monotypiar av Borgny Farstad Svalastog
Wikimedia Commons: Lillehammer church

Lillehammer kyrkje er ei langkyrkje frå 1882 i Lillehammer kommune i Oppland. Kyrkjeromet har plass til 650 personar. Den gamle kyrkja, som stod på same staden, vart riven i 1882. Dette var ei høvesvis lita krosskyrkje i tømmer, kanskje også med enkelte delar av stav.

Mot Søndre park ligg eit kapell, oppført omtrent samstundes med kyrkja. Båe bygningane er oppført i nygotisk stil, men etter renoveringa i 1959 var nesten heile interiøret i kyrkja endra. Kyrkja si opphavlege altertavle, ein kopi av Adolph Tidemands altertavle i Tyristrand kyrkje, vart då erstatta av ei ny, eit måla trerelieff av Maja Refsum med motivet Jesus i Getsemane.

I 2007 vart kyrkja sitt interiør på nytt endra. Det vart sett inn eit nytt alterbord på ei platting framfor i skipet, mens koret framstod som eit eige kapell. Veggane i koret vart kledd med monotypiar av Borgny Farstad Svalastog. Eksteriøret framstår i dag som då kyrkja stod ferdig med unntak av inngangsdørene som blei bytta i 1959. I 2007 blei kyrkjetaket tekka på nytt, og det gamle skifertaket blei bytta ut med nytt bortsett frå tårnet der skiferplatene vart fjerna og det vart lagt koparplater i staden.

Petter Syversen, ein byoriginal kjend som «Tårnpetter», var i mange år eit fargerikt innslag i bymiljøet. Han klatra fleire gonger opp til toppen av spiret med berre hendene, utan tau, mellom anna for å skifte takstein. Statuen Tårnpetter, laga av Rolf Lunde, står eit par steinkast frå kyrkja. På kyrkjevangen nordvest for kyrkja står Dyre Vaa sin statue av Lars Skrefsrud. Pinsedagen 2011 vart ei byste, laga av Svein-Tore Kleppan, av organisten og komponisten Leif Solberg avduka, nordvest for hovudinngangen til kyrkja.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra