Lillian Marie Bounds, gift namn Lillian Disney, (15. februar 189916. desember 1997) var gift med Walt Disney frå 1925[1] og til han døydde i 1966.[2]

Lillian Disney

Statsborgarskap USA
Fødd 15. februar 1899
Spalding
Død

16. desember 1997 (98 år)
West Los Angeles

Yrke velgjerar, sekretær, kunstnar
Språk engelsk
Ektefelle Walt Disney, John L. Truyens
Lillian Disney på Commons

Disney arbeidde som sekretær og teiknar ved Walt Disney Animation Studios,[3] og er kreditert for ein del filmar, som Plane Crazy, den fyrste filmen der Mikke Mus og Minnie Mus dukka opp. Det var ifølgje sjølvbiografien hennar ho som sette namn på figuren Mickey Mouse (Mikke Mus), som Walt sjølv ville kalla «Mortimer».[4]

Lillian Disney gav pengar til ei rekkje veldedig formål, som skipinga av California Institute of the Arts, nye lokale til Los Angeles Philharmonic og ei stifting som gav støtte til gode formål.[2]

Kjelder endre

  1. «Remembering Walt & Lillian's Anniversary by Diane Disney Miller | The Walt Disney Family Museum», www.waltdisney.org, henta 12. mars 2024 
  2. 2,0 2,1 «Lillian Disney Dies Philanthropist Widow Of Walt Disney Remembered Her Idaho Roots | The Spokesman-Review», www.spokesman.com, henta 12. mars 2024 
  3. «Walt and Lilly | The Walt Disney Family Museum», www.waltdisney.org, henta 12. mars 2024 
  4. Jackson, Kathy (2006). Walt Disney: Conversations (First utg.). University Press of Mississippi. s. 120. ISBN 1-57806-713-8.