Limfjordstunnelen

Limfjordstunnelen er ein 582 meter lang tunnel i motorvegen Europaveg 45 under Langerak i Limfjorden i Danmark, på strekninga mellom Nørresundby og Aalborg. Tunnelen vart bygd i åra 1964 til 1969, og opna for trafikk 6. mai 1969.

Nedkøyringa til Limfjordstunnelen frå sør

Tunnelen er bygd som to 12 meter breie firkanta røyr med plass til tre filar i kvar retning. Hovuddelen er ein 510 meter lang senketunnel bygd i tørrdokk i fem element om lag ei mil frå tunneltraseen og fløytt på plass. Mot nord er senketunnelen knytt til ei 156 meter lang rampe, medan han mot sør går over i ein 43 meter langt tunnel støypt på staden, og deretter over i ei 156 meter lang rampe. Kvart av dei fem elementa i senketunnelen er 102 meter lange, 28 meter breie og 8,5 meter høge, og har ei vekt på om lag 25 000 tonn.

Kjelder endre