Line Alsaker
Line Alsaker (fødd 21. januar 1972) er ein prisløna norsk ballettdansar som var tilknytt Nasjonalballetten ved Den Norske Opera & Ballett frå 1992 til 2013.
Line Alsaker | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. januar 1972 (52 år) Oslo |
Yrke | dansar |
Utdanning
endreAlsaker er fødd i Oslo, og dansa som barn ved Kirkenærs ballettskule i Oslo.[1] Seinare vart ho teken opp på Operaens ballettskule. Etter å ha fullført Fagerborg videregående skole studerte ho ved ballettakademiet Heinz-Bosl-Stiftung i München i Tyskland.[2]
Karriere
endreI 1992 vart ho engasjert ved Nasjonalballetten, der ho dansa i ensemblet sitt corps de ballet inntil ho vart forfremja til solist i 1997.
Som solist dansa Line Alsaker ei rad store klassiske hovudroller som til dømes Tatjana i Onegin (Dansekritikarprisen 1996/97), Odette/Odile i Svanesjøen og tittelrollene i Frøken Julie og Giselle. Ho dansa òg i moderne oppsetjingar av Jiri Kylian, Lightfoot & Leon og Kjersti Alveberg.[3]
Alsaker pensjonerte seg som ballettdansar i 2013.
Prisar og utmerkingar
endre- Esso-prisen 1996
- Dansekritikarprisen 1997 for rolla som Tatjana i Onegin
Kjelder
endre- ↑ Breder, L. Alsaker, H. S. Larsen, I. Lorentzen, K. (2. februar 2021), «‘Norges dansemiljø har mistet en av sine mest fargerike ledestjerner’», Akersposten (på norsk), henta 25. august 2024
- ↑ «Line Alsaker». Store norske leksikon (på norsk). 18. juni 2024.
- ↑ «Line Alsaker», sceneweb.no (på norsk), henta 25. august 2024