Lisensiat (av latin licentia docendi, lisens til å undervise) er ei akademisk grad som har vore i bruk i ei rekke land. Innhaldet i grada og plasseringa i hierarkiet har variert med land, fag og tid.

Lisensiat var i mellomalderen ein baccalaureus som hadde fått lisens til å undervise ved universitetet.

I Danmark og Noreg var lisensiat ei grad plassert noko under doktorgrad. Grada eksisterte i Noreg fram til 1845, og igjen i perioden 1955–2003 (berre ved Universitetet i Oslo). Grada var lite brukt, mest ved det juridiske fakultetet (lic. jur.).

I Danmark har lisensiatgrada på 2000-talet blitt erstatta av ph.d.-graden.

Kjelder

endre