Litle Balkjosen

Koordinatar: 67°51′50″N 15°25′31″E Litle Balkjosen er ein fjordarm av Balkjosen og Nordfolda i Steigen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 3 km nordover.

Fjorden har innløp mellom Brennstrand i vest og Sennvika i aust. Skjelneset skil Litle Balkjosen frå Store Balkjosen, som går parallelt nordover på vestsida av neset. Skjelnesfjellet ligg på neset og strekkjer seg opp til 334 meter over havet. På austsida av fjorden ligg den isolerte garden Lommeren.