Little Jason Lagoon
Little Jason Lagoon er ein nesten sirkulær lagune, 700 meter i diameter, som ligg ved Jason Harbor som han er knytt til via ein smal kanal, i Cumberland West Bay på Sør-Georgia. Namnet Little Jason var i bruk ved Sør-Georgia før 1920. Lagunen vart kartlagt i 1929 av mannskap på Discovery Investigations, som namngav han Nogood Lagoon, fordi ein motorbåt ikkje kunne køyre gjennom innløpet. South Georgia Survey, 1951–52, rapporterte at namnet var lokalt kjend som Little Jason eller på norsk Lille Jason. For å indikere kva slags terrengdetalj det var snakk om, vart namnet Little Jason Lagoon godkjend.
Little Jason Lagoon | |||
lagune | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Georgia | ||
- koordinatar | 54°11′S 36°36′W / 54.183°S 36.600°W | ||
Little Jason Lagoon 54°11′00″S 36°36′00″W / 54.1833°S 36.6°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Little Jason Lagoon» (innhald frå Geographic Names Information System).