Liv Jagge, fødd Christiansen, (fødd 25. februar 1943) er ein norsk tidlegare idrettsutøvar frå Oslo hevda seg nasjonalt i både alpine greiner på ski og i tennis, medlem i både Idrettsforeningen Ready og Oslo Tennisklubb. Ho var gift med Finn Dag Jagge og mor til Finn Christian Jagge.

Liv Jagge
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. februar 1943 (81 år)
Oslo
Idrett tennis, alpint
Tok del i

Vinter-OL 1964, Vinter-OL 1960

Liv Christiansen Jagge vann i perioden 1959-82 til saman ti norske meisterskap i tennis double-øvinga og dessutan eit NM-gull i mixed double i par med ektemaken Finn Dag Jagge.

På ski vart Liv Christiansen norsk meister i storslalåm 1960 og 1962 og i utfor 1962 og 1964, samt slalåm og alpin kombinasjon i 1962. Elles sikra ho seg tre NM-sølv og like mange NM-bronsar i alpine greiner frå 1959 til 1965. Under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley vart som best nr 24 i storslalåm, medan ho tok sjuandeplassen i slalåmtevlinga då Vinter-OL 1964 fann stad i Innsbruck.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.