Liv Rosmer Fisknes

Liv Rosmer Fisknes (10. august 194713. juni 2023) er ein tidlegare norsk prest og forfattar. Ho er kjend for virket sitt som fengselsprest og arbeid blant prostituerte og AIDS-sjuke.

Liv Rosmer Fisknes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. august 1947
Død

13. juni 2023 (75 år)

Yrke prest, skribent
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Fisknes starta arbeidet sitt blant rusmisbrukarar i 1967. Deretter jobba ho som fengselsprest. I 1981 var ho med på å starta opp Nadheim, senter for kvinner og menn med prostitusjonsrøynsle, i Kirkens Bymisjon.[1] Ho var sokneprest i Torshov forsamling og deretter sokneprest og prost i Bærum prosti. Ho var her til ho gjekk av med pensjon i 2010.[1] Fisknes har òg vore leiar av Landsforeningen mot AIDS (no HivNorge).[2] Frå 2002 til 2006 var ho leiar for Kompetansesenter for likestilling.[3]

Fisknes har skrive eller bidrege til fleire bøker, blant Kroppens sug og hjertets lengsel. (Gyldendal, 1993).[2]

Ho fekk Brobyggerprisen i 1987.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Bymisjonen takket Liv Rosmer Fisknes, arkivert frå originalen 3. april 2015, henta 15. november 2021 
  2. 2,0 2,1 Kroppens sug, hjertets lengsel bokelsker.no
  3. «Liv Rosmer Fisknes - Utvalg - Forvaltningsdatabasen - NSD», www.nsd.no, henta 15. november 2021 

Bakgrunnsstoff

endre