Lobotomi, òg kalla frontal lobotomi eller leukotomi, er eit kirurgisk inngrep som går ut på å skjera over den kvite substansen i pannelappane i hjernen slik at ein bryt samband mellom hjernebarken og hypothalamus og thalamus.[1][2]

Lobotomi

MRI-bilde av hjernen til ein 65 år gammal mann som tidlegare var blitt behandla med lobotomi.
SynonymLeukotomi, frontal lobotomi
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:01.32
MeSHD011612
Teikning som viser staden på ein hovudskalle ein borer gjennem når ein utfører ein pre-frontal lobotomi (slik som den utvikla av Freeman og Watts).

Operasjonen er ei form for psykokirurgi som blei brukt i samband med psykiske lidingar, tvangsnevrosar og uuthaldelege smerter. Metoden var mykje brukt på 1940- og 1950-talet, men hadde særs negative effektar for personlegdom og kjensleliv, og blei etterkvart fasa ut til fordel for andre behandlingar. I dag blir det nokre stader laga avgrensa lesjonar i visse hjerneområde i nokre få tilhøve om behandling med medikament ikkje fører fram.[1]

Historie endre

Lobotomi (av gresk λοβός, lobos, 'lapp' og τομή, tomē, 'skjera') blei utvikla av den portugisiske nevrologen Egaz Moniz. I 1949 fekk han Nobelprisen i medisin for behandlingsmetoden.[1]

Norden endre

Det var overlegen ved Gaustad sjukehus som fyrst innførte lobotomi i Norden, i november 1941.[3] På denne tida var ikkje nevroleptika i vanleg bruk, og mange psykiatarar meinte at inngrepet hadde positive verknadar. Ein del av dei tok likevel avstand frå inngrepet.[1]

«Den skandinaviske psykiatrikongressen i København i 1946 åpenbarte hvilken ansvarsløshet og uhyggelige sjansespill lobotomi var. Der ble det redegjort for følelsesmessig avstumpning, tap av evne til å drømme, sette seg fjerne mål, fantasere, planlegge,» skreiv psykolog Joar Tranøy og styreleiaren i Informasjonssenteret Hieronimus, Arve Kirkevik i 2018.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «lobotomi». Store medisinske leksikon. 20. februar 2018. Henta 13. mai 2018. 
  2. «Lobotomy: Definition, Procedure & History». Live Science. Henta 28. juni 2018. 
  3. 3,0 3,1 "Historieløst om lobotomi". 2018-05-09. Aftenposten. S. 20