Loch Hourn (skotsk-gælisk Loch Shubhairne) er ein sea loch eller ein fjord nordvest i Skottland 22 km innover frå Sound of Sleat. Han er kanskje den fjorden i Skottland som liknar mest på dei norske fjordane.

Loch Hourn sett frå toppen av Beinn Sgritheall

Skip kan segle heilt inn til Barisdale Bay og småbåtar til botn av fjorden ved Kinloch Hourn, men kor langt inn ein kjem er avhengig av tidvatnet.

Bortsett frå eit par einslege hytter er den einaste busetnaden Arnisdale med kring 30 innbyggjarar. Det er ikkje veg langs fjorden.

Kjelder

endre

57°7′30″N 5°35′37″W / 57.12500°N 5.59361°W / 57.12500; -5.59361