Lokativ
Lokativ er eit kasus som uttrykkjer at referenten til kasusberaren er på, ved eller i staden. Lokativ finst i fleire indoeuropeiske språk, som t.d. i russisk. Det finst også i nordsamisk, der det i tillegg til tydinga på, i også har tydinga ut av, frå. I mange språk, som t.d. sørsamisk og finsk, er den lokale funksjonen fordelt på fleire kasus.