Lov om stadnamn
Lov om stadnamn (stadnamlova) er ei norsk lov som regulerer skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk. Lova vart sett i kraft frå den 1. juli 1991.
Endringar i lova vart sette i kraft 1. august 2006, og ei ny forskrift vart sett i kraft 1. juni 2007. Samtidig kom det ei rettleiing til forskrifta.
Nye endringar vart sette i kraft 1. juli 2015.