Lubjanka (russisk skrift Лубянка) er det uoffisielle namnet på ei bygning ved Lubjankaplassen i Moskva, der dei sovjetiske løynlege tenestene, som er best kjent under namna NKVD og KGB, hadde hovudkvarter frå 1920 til 1991. Bygningen omfatta vidare KGB sitt sentrale fengsel og arkiv. Etter at Sovjetunionen braut saman har den russiske tryggingstenesta FSB hatt hovudkvarter i Lubjanka.

Lubjankabygninga ved Lubjankaplassen

Fengsel endre

Lubjanka omfatta eit stort fengsel. I kjellarromma der vart fleire hundre tusen menneske forhøyrde og torturerte, særleg frå 1920 og i åra med dei store utreinskingane. Det var vanleg å hindra fangane å sove over svært lang tid. Under forhøyra vart dei regelmessig mishandla og terrorisert. Mange fangar tok sjølvmord eller vart skotne i denne kjellaren etter «rettssaker» utan forsvarar.[1][2][3]

Etter KGB endre

Etter at KGB vart oppløyst, vart bygninga brukt som hovudkvarter for Den russiske grensevakta. Noko av fengselet vert no (2017) brukt av ei av avdelingane til FSB. Resten er KGB-museum (russisk Историко-демонстрационный зал ФСБ России) og ope for turistar og andre interesserte. I 1990 vart den sokalla Solovetskijsteinen reist tvers over Lubjankaplassen frå bygninga for å minnast ofra for den politiske undertrykkinga i Sovjet-tida.

Referansar endre

  1. Советский политический анекдот [Soviet political anecdotes]. Асс. Спектрум. "О". 
  2. Alef, 495-505, Chamah, 1993 
  3. «1001 избранный советский политический анекдот (1001 selected Soviet political anecdotes)», ModernLib.ru, henta 22. august 2016