Opna hovudmenyen
Ludvig Nielsen

Ludvig Nielsen (3. februar 190622. april 2001) var ein norsk organist, toneskapar og kor-dirigent frå Borge i Østfold.

Nielsen tok organisteksamen ved Musikkonservatoriet i Oslo i 1923. Sidan debuterte han som organist i 1926 og pianist i 1930. Etter år som organist i Høvik og deretter Ris kyrkje, tok han i 1935 over som kantor i Nidarosdomen, ei stilling han skjøtta i 41 år. Han dirigerte 1936-70 Olavskoret, 1946-76 Nidaros domkor og 1948-72 Nidarosdomens guttekor.

Nielsen komponerte «ei rad korverk i streng, kyrkjeleg stil», mellom andre «Gud rike» i 1944, «Te deum» i 1945 og «Messe på Olavsdagen» i 1949. Han skreiv fleire orgelverk og bidrog med over 100 orgelkoralar i Norsk Koralbok.

KjelderEndra