Luftlandeavdeling

(Omdirigert frå Luftlandsetjing)

Luftlandeavdeling er ei militær avdeling av lufttransportert infanteri og blir brukt som fellesnemning for fallskjermavdelingar og andre lufttransporterte styrkar som blir lasta ut frå transportfly og helikopter.[1] Luftlandeavdelingar er som regel sett opp som infanterieiningar, divisjonar, brigadar, bataljonar med meir, men med noko mindre styrke og med lettare materiell og utstyr.

Døme

endre

Luftlande-divisjonar er ei fellesnemning for to typar manøverelement - Fallskjermlande og Stormlande. Ein divisjon som har begge desse elementa vil derfor kallast luftlandedivisjon.

Fallskjermlande-element (russisk: Parasjiotno-desantnyj)
Desse kan landa mesteparten av styrken med fallskjerm, både soldatar og viktig stridsmateriell. Dei er difor ikkje avhengige av flyplass i nærleiken av operasjonsomådet.

Stormlande-element (russisk: Desantno-sjturmovoj)
Desse må landa mesteparten av både soldatar og stridsmateriell på flyplassar i nærleiken av operasjonsområdet.


Luftlandeavdelingar er som regel sett opp som infanterieiningar, divisjonar, brigadar, bataljonar med meir, men med noko mindre styrke og med lettare materiell og utstyr.

Sjå òg

endre


Kjelder

endre
  1. «luftlandeavdelinger» (13. oktober 2014) i Store norske leksikon, snl.no.