Luis Aragonés
José Luis Aragonés Suárez (28. juli 1938–1. februar 2014) var ein spansk fotballspelar og fotballtrenar, også for det spanske herrelandslaget.
Luis Aragonés | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 28. juli 1938 Madrid |
Død |
1. februar 2014 (75 år) |
Yrke | fotballspelar, fotballtrenar |
Språk | spansk |
Høgd | 180 centimeter |
Luis Aragonés på Commons |
Aragonés var aktiv som fotballspelar i 1950-, 60- og 70-åra, lengst i Atletico Madrid. Her spelte han til saman 372 kampar og skåra 172 mål, og han avslutta også karrieren som profesjonell fotballspelar i Atletico Madrid i 1974. Same året tok han over som fotballtrenar for klubben og trente han seinare i fleire periodar, heilt fram til 2003. I mellomtida trente han også ei rekkje andre spanske lag.
I 2004 starta Aragonés som spansk landslagstrenar, ei stilling han hadde i fire år. Han avslutta karrieren med å gjera landslaget til europameistrar under EM i fotball 2008. Etter dette tok han over som trenar for tyrkiske Fenerbahçe frå 2008-2009 før han la opp som trenar.
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Luis Aragonés» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juli 2012.