Luis Roberto Alves

meksikansk fotballspelar

Luis Roberto Alves dos Santos Gavranić (fødd 23. mai 1967 i Mexico by) betre kjend som Zague var ein meksikansk pensjonert fotballspelar som spelte i angrep. Zague hadde heile sin karriere i heimlandet, der han hovudsakeleg spelte for Club América i heimstaden Mexico by. Her spelte han i 13 sesongar, og var med om å vinne tre meksikanske meisterskap og tre utgåver av CONCACAF Champions League.

Luis Roberto Alves
Personleg informasjon
Fullt namn Luis Roberto Alves dos Santos Gavranić
Kallenamn Zague
Fødd 23. mai 1967 (56 år)
Fødestad Mexico by i Mexico
Høgd 193 cm
Posisjon Angrep
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1985–1996
1996–1997
1997–1998
1998–1999
2000–2003
2003
América
Atlante
América
Atlante
Necaxa
América
400 (162)
30 (17)
35 (6)
42 (7)
104 (23)
1 (0)
Totalt 612 (214)
Landslag
1988–2002 Mexico 84 (30)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Zague nådde i ein periode på 14 år å spele 84 landskampar for det meksikanske landslaget og skåra 30 mål. Hans fyrste landskamp var eit oppgjer mot Uruguay den 1. februar 1988, medan hans siste opptreden i landslagstrøya fant stad den 14. november 2001 i ein privatlandskamp på bortebane mot Spania. Han var òg med om å vinne det nordamerikanske meisterskapen CONCACAF Gold Cup i 1993 og bronse under Confederations Cup i 1995.

Kjelder endre