Luktesalt er kjemiske stoff med skarp lukt som blir brukt til å gjenvekka medvit gjennom luktesansen. Luktesalt kan ofte innehalda salt som hjortetakksalt eller ammoniumkarbonat. I England var «luktesalt» gjerne ei blanding av konsentrerert eddiksyre og kaliumsulfat.

Flaske med luktesalt, brukt for å vekka opp tannlegepasientar etter ein operasjon.

Tidlegare blei luktesalt mykje brukt i samband med besviming. Folk kunne bera dei med seg i ei lita lukteflaske eller eske. I nyare tid er dei blitt brukt ein del av idrettsutøvarar som boksarar og vektløftarar for å spora dei til innsats.[1]

Kjelder

endre
  1. McCrory, J (2006). «Smelling Salts». British Journal of Sport Medicine 40 (8): 659–660. PMC 2579444. PMID 16864561. doi:10.1136/bjsm.2006.029710. Henta 3. januar 2009.