Lulesamisk ortografi

(Omdirigert frå Lulesamisk skriftspråk)

Lulesamisk ortografi er settet av reglar for å uttrykke lulesamisk i skrift. Dagens lulesamiske ortografi er frå 1983, men lulesamisk har vorte skrive med fleire ortografiar opp gjennom hundreåra.

Det nordlapska bokspråket

endre

Det første skriftspråket som vart brukt til å skrive lulesamisk var det nordlapska bokspråket. Dominerande i Sverige på 1700-talet var det sydlapska bokspråket, men det var frå byrjinga klårt at dette skriftspråket berre kunne femne sør- og umesamisk, og ikkje mykje lenger nord enn det. Skriftene utgjeve av Lars Levi Lestadius på lulesamisk vart skrive på det nnordlapska bokspråket.

K. B. Wiklund sin ortografi

endre

I Lule-lappisches Wörterbuch frå 1890 og i Lärobok i lapska språket (1901, andre opplag i 1915), utarbeidde K. B. Wiklund ein ortografi for lulesamisk som vart ståande i nesten 100 år.

Dagens lulesamiske ortografi

endre

Dagens lulesamiske ortografi vart utarbeidd i kjølvatnet av arbeidet med den nordsamiske ortografien frå 1979. Den mest sentrale arkitekten attom denne ortografien var Mikael Urheim.