Lusail
Lusail er den nyaste planlagde byen i Qatar, på kysten nord i kommunen Al Daayen. Lusail ligg kring 23 km nord for sentrum av Doha, like nord for Al Qutaifiya. Han dekkjer over 35 km² og vil etter kvart vere bustad for opp til 260 000 menneske. Han er planlagd å ha båthamner, bustadområde, feriestader, handelsområde, luksusbutikkar og fritidsanlegg, som to golfbanar, ein sjiraff-zoo og eit underhaldningsdistrikt. Bygginga pågår framleis. Han vert utvikla av det statlege Qatari Diar Real Estate Investment Company og Parsons Corporation.
Lusail | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Kommune | Al Daayen | ||
Koordinatar | |||
![]() Lusail | |||
Wikimedia Commons: Lusail | |||
Lusail Iconic Stadium, med ein kapasitet på over 80 000 tilskodarar, er planlagd bygd for opningskampen og finalekampar i fotball-VM i 2022.[1] Stadionet er inspirert av seglet på dei tradisjonelle dhow-båtane, sidan byen ligg på austkysten, der det tidlegare var mange slike perlefartøy. Etter fotball-VM skal stadionet nyttast til andre idretts- og kulturarrangement. Lusail Sports Arena husa handballkampar under handball-VM for herrar 2015.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Lusail» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Brandon Griggs (24. januar 2017). «2022 World Cup city rises in the desert». CNN. Henta 6. februar 2017.
BakgrunnsstoffEndra
- Lusail
- Lusail City - utvikling