Luthersk Kirketidende
Luthersk Kirketidende er eit luthersk, kyrkjeleg blad som blir gitt ut av Luther forlag i Oslo og kjem ut annankvar veke. Bladet kom ut første gong 5. juli 1863, med Gisle Johnson som redaktør. I dag (2013) er professor Harald Hegstad ansvarleg redaktør.
Den viktigaste målgruppa for bladet er prestar og andre teologar. Bladet inneheld m.a. artiklar, gjennomgåing av preiketekstar for kommande søndagar, debattinnlegg og stillingslysingar.