Lydia Torsvik Gieselmann
Lydia Torsvik Gieselmann (fødd 1993 i Bodø) er ein norsk programleiar kjend frå NRK-programma Newton og Unormal.
Lydia Torsvik Gieselmann | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1993 (31 år) Bodø kommune |
Yrke | programleiar, podkastvert |
Gieselmann vaks opp i Beiarn og Skjerstad i Nordland og flytta til Bodø for å gå på vidaregåande skule. I vaksen alder har ho budd i Oslo og Trondheim.
Gieselmann har arbeidd i magasina 730.no og Melk & Honning.[1][2] Ho var programleiar for Newton frå 2017–2019, og var blant anna med i serien Kroppen.[3] Ho vart nominert til Gullruten 2020 for serien Kroppen, i kategorien Beste programleiar - nyheit, sport eller aktualitet.[4] Siden 2020 har ho leia NRK-prosjektet Unormal, eit Youtube-prosjekt om kropp og identitet.[5]
Deltakingar på fjernsyn
endre- 2017–2019: Newton, programleiar
- 2022: Kompani Lauritzen, deltakar
- 2023: Camp Kulinaris, deltakar
Kjelder
endre- ↑ «FREDAGSFJAS: Newton-Lydia». 730.no. 7. september 2017. Henta 15. juni 2020.
- ↑ Gieselmann, Lydia. «Lydia Gieselmann, Forfatter hos Melk & Honning». Melk & Honning. Henta 15. juni 2020.
- ↑ Lea, Mathilde; Fjeld, Johannes (9. juni 2019). «NRKs sexopplæring sensurert av YouTube». Dagbladet. Henta 22. november 2020.
- ↑ Simonsen, Helge. «Lydia nominert til beste programleder i Gullruten: - Dette er superstas!». Saltenposten. Henta 15. juni 2020.
- ↑ Jonassen, Trine Høklie (13. juni 2020). «- Spart i tre måneder». Dagbladet. Henta 22. november 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Lydia Torsvik Gieselmann» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mars 2023.