Lydmåling er måling av dei frekvensane ein lyd består av eller av lydtrykket. Frekvensanalysen blir gjort med mikrofon, forsterkar, elektronisk filter og eit registreringsinstrument. Filteret slepp berre eit smalt frekvensområde gjennom og blir etter kvart flytta over heile det høyrbare frekvensområdet. Frekvensanalysen blir òg gjort med parallellanalysator, som finn frekvensane til alle lyden samstundes, . Lydtrykket blir mælt med mikrofon, forsterkar og registreringsinstrument, som kan dekke heile det høyrbare området eller berre visse dele som ein slepp gjennom eit filter.

Øyret si følsomheit varierer sterkt med frekvensen til lyden, og objektiv lydtrykkmåling har ofte lita interesse. Sjå høyrenivå.

Rane tonar og diskantlyd er som regel meir ubehageleg enn blanda lydar og basslyd. I 1959 innførte ein i samband med måling av flystøy omgrepet følt støy, som blir angjeve i PNdB (Perceived Noise Decibel), og som blir berekna på grunnlag av styrken til lyden for ulike frekvensar. Det finst òg andre utrekningsmåter som tek med kor lenge lyden varer, tida på døgnet osb.

Sjå òg endre

Kjelder endre