For andre tydingar av lyse, sjå lyse (fleirtyding).

Lyse er ukokt tran. Det har i stor grad vorte brukt til brensel i oljelampar. Ein brukte lyse i koler, tranlampar som vart brukt før mineraloljelampane kom i bruk. Lyse var tidlegare ei ettertrakta handelsvare.

Lyse vert laga av fiskelever. Levra let ein stå i store kjerald. Når ho gjæra og begynte å gå i oppløysing, flotna feittet til overflata. Denne råtrana, eller lyset, fløytte ein av og tok vare på. Lyset var blankare enn kokt tran og har vorte kalla blanktran.

Den delen av levra som vart att etter at lyset var avfløytt vart kalla grakse. Graksen vart mellom anna brukt til smurning på lunnane i støa når ein sette båt. Det var vanleg å ha eit spann i naustet der ein samla lever til smurning under båten. Graksen kunne òg verte kokt til tran.

Kjelder endre

  • Karl Rogne: «Under lysekola». Tidskrift for Sunnmøre Historiske Lag. 1945.
  • Gunnar Eldjarn og Jon Godal: Åfjordbåten og Nordlandsbåten Bind 4.
  Denne historieartikkelen som har med økonomi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.