Lyset i verda er i kristendommen eit uttrykk Jesus brukte for å karakterisere seg sjølv.

Detalj frå glasbilete: «Eg er lyset i verda», Bantry, Irland.

Lys er eit gjennomgåande omgrep i kristen tenking. I Bibelener lyset nemnt både i første og siste kapitel: «Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys.» (1. Mos. 1,3). «Natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje lys av lampe eller av sol, for Herren Gud skal lysa over dei.» (Op. 22,5). Og i evangeliet etter Johannes omtaler Jesus seg sjølv som lyset i verda (Joh. 8,12 og 9,5). Lystenning er òg eit valfritt ledd ved dåp i Den norske kyrkja. Etter at eit lys er tent for den døypte, kan liturgen vise til Jesu ord om lyset i Joh. 8,12: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.»[1]

Johannesevangeliet har ei rad med slike «eg er»-utsegner frå Jesu munn:

  • Eg er livsens brød (Joh. 6,35)
  • Eg er lyset i verda (Joh. 8,12 og 9,5)
  • Eg er porten (Joh. 10,9).
  • Eg er den gode gjetaren (Joh. 10,11).
  • Eg er oppstoda og livet (Joh. 11,25).
  • Eg er vegen, sanninga og livet (Joh. 14,6)
  • Eg er vintreet (Joh. 15,5)

Kjelder endre