Lyskvant
Eit lyskvant er den minste energimengda ein kan forbinde med ljos som blir sendt ut med ein bestemd frekvens. Energien til eit lyskvant er hν, , der h er Planckkonstanten og ν er ljosfrekvensen. Lyskvant blir brukt til dels òg i same tyding som foton, det vil sei om dei partiklane som ein tenkjer seg ljoset består av.
Kjelder endre
- lyskvant. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/lyskvant