Lyzja (russisk Лыжа) er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Petsjora frå venstre.

Lyzja
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 6 620 km²
Lengd 223 km
Munning Petsjora
Kart
Lyzja
65°43′14″N 56°41′34″E / 65.72055556°N 56.69277778°E / 65.72055556; 56.69277778

Ho er 223 km lang og har eit nedslagsfelt på 6 620 km². Ho frys til i slutten av oktober eller tidleg i november og vert isfri att i månadsskiftet april - mai.

Dei største sideelvane hennar er Vadma frå venstre og Sigavej frå høgre.

Lyzja renn gjennom eit aude område i regionen Petsjorskaja grjada. Breidda av elva er særs myrlendt. Elva renn sakte og er særs svingete. Fleire små sideelva renn ut i Lyzja frå åsane langs Petsjora-ryggen.

Ved munningen i Petsjora ligg landsbyen Ust-Lyzja.

Kjelder

endre