M&M’s
M&M's er små bitar av mjølkesjokolade produsert av Mars. Produktet vart laga i 1940 etter at Forrest Mars sr., son av Frank C. Mars, la merke til spanske soldatar som åt små sjokoladebitar dekte av sukker under den spanske borgarkrigen. M&M kjem av den første bokstaven i etternamnet til Forrest Mars Sr., og kompanjongen Bruce Murrie som produserte sjokoladen.