Månehav (latinsk mare) er mørke felt på månen som har blitt danna ved vulkanutbrot der store mengder lava har trengt opp gjennom det indre av månen og dekt store områder. Sjølv om det aldri har vore hav som dei på jorda, med vatn i, trudde dei tidlege astronomane at dei var nettopp dette.

Namn på dei største månehava og nokre av kratera på framsida av månen.

Hav-nemninga, eller mare, vart først nytta av Galileo Galilei om desse områda. Det same gjorde Giovanni Schiaparelli då han sette namn på mørke område på Mars.

Kjelder endre