Måstad, eller Mostad er ei veglaus grend på Værøy i Nordland.Tidleg på 1900-talet budde det om lag 150 menneske i grenda. Etter andre verdskrigen minka folketalet sterkt, og i 1974 vår Måstad fråflytt. Mange av husa vart flytte når bebuarane drog. Busetnaden har vore på ein steinete strandvoll under eit bratt fjell. Ein kan koma til Måstad på ein tildels bratt sti. Hamneforholda er dårlege, noko som var ein viktig grunn til fråflyttinga.

Måstad i 1900
Måstad i 2005

I tillegg til fiske og litt jordbruk har fuglefangst vore viktig for kosthald og økonomi. Særleg har lundefangst vore viktig. Måstad er kjend fordi det var herifrå stamhundane til norsk lundehund kom. Denne rasen vert gjerne kalla Mostadhund.

Kjelder endre

  • Dag Sørli: De gamle fuglefangernes grend. Bodø 1998