Møll
(Omdirigert frå Mòl)
Møll er ei samlenemning på mindre, ofte skumringsaktive og uskinnbarleg farga artar av sommarfuglar. Nemninga blir mykje brukt i daglegtale, men blir rekna som upresis i taksonomisk samanheng.
Ikkje alle møllartane er små, ein av de store artane i denne gruppa er vanleg tredrepar, der ho-møllen har eit vengespenn på oppimot 90 mm, noko som plasserer den blant dei største norske sommarfuglane.
Møll-grupper
endreGrupper som vanlegvis vert rekna som møll og som har eit norsk namn, er:
- augelokkmøll (Bucculatricidae)
- bladholmøll (Heliozelidae)
- bladminérmøll, bladmøll (Gracillariidae)
- bloddropesvermarar (Zygaenidae)
- breimøll (Choreutidae)
- bronsemøll (Roeslerstammiidae)
- bandmøll (Autostichidae)
- båtmøll (Gelechiidae)
- dorskmøll (Chimabachidae)
- dropemøll (Scythrididae)
- dvergmøll (Nepticulidae)
- edelmøll (Agonoxenidae)
- ekte møll (Tineidae)
- eikemøll (Carcinidae)
- engmøll (Acrolepiidae)
- fingermøll (Alucitidae)
- fjørmøll (Pterophoridae)
- flatmøll (Depressariidae)
- flekkmøll (Incurvariidae)
- glansmøll (Cosmopterigidae)
- glasvenger (Sesiidae)
- grasmøll (Elachistidae)
- halvmøll, motter (Crambidae)
- kjevesommarfuglar, kjevemøll (Micropterigidae)
- klokkemøll (Cryptolechiidae)
- knoppmøll (Prodoxidae)
- kommamøll (Glyphipterigidae)
- krossblommøll (Plutellidae)
- lansettmøll (Schreckensteiniidae)
- luggmøll (Tischeriidae)
- pyralider (Pyralidae)
- nattlysmøll (Momphidae)
- praktmøll (Hypertrophidae)
- prydmøll (Oecophoridae)
- purpurmøll (Eriocraniidae)
- rotetarar (Hepialidae)
- røyrmøll (Amphisbatidae)
- rubladmøll (Ethmiidae)
- sekkmøll (Coleophoridae)
- sekkspinnarar (Psychidae)
- sigdmøll (Ypsolophidae og Ochsenheimeriinae)
- skuggemøll (Blastobasidae)
- smalmøll (Batrachedridae)
- sniglespinnarar (Limacodidae)
- snømøll (Opostegidae)
- sotmøll (Lypusidae)
- spinnmøll (Yponomeutidae og Argyresthiinae)
- sprikmøll (Stathmopodidae)
- sveipemøll (Adelidae)
- sølvmøll (Lyonetiidae)
- tannmøll (Epermeniidae)
- tresommarfuglar, tredreparar (Cossidae)
- viftemøll (Douglasiidae)
- viklarar (Tortricidae)
- vindelmøll (Bedelliidae)