Möbiusband

Möbiusband (eller Möbiusflate) er eit objekt som består av berre éi flate og berre éin ytterkant. Fenomenet vart oppdaga av dei tyske matematikarane August Ferdinand Möbius (1790-1868) og Johann Benedict Listing (1808-1882) i 1858, sjølvstendig av kvarandre. Flata har mange spesielle eigenskapar.

Möbiusband

Viss ein lagar eit snitt midt på Möbiusflata, får ein ikkje to frå skilde flater, men ei samanhengande flate med to dreiingar på (som dermed ikkje er ei Möbiusflate). Skjer ein denne flata igjen i to, får ein to flater som går gjennom kvarandre, kvar av desse med to dreiingar på. Lagar ein derimot eit snitt i den opphavlege Möbiusflata som ligg omtrent 2/3 frå kanten, får ein to objekt: eit objekt som er ei tynnare utgåve av den opphavlege Möbiusflata, og ei lang flate med to dreiingar på.

Korleis lage eit MöbiusbandEndra

 
Möbiusband laga av papir og tape
 
Arbeidsteikning for å lage Möbiusband
  1. Lag ein lang papirstimmel
  2. Vri den eine enden ei halv omdreiing
  3. Lim saman endene slik at pilene møtest

KjelderEndra