MIRV (Multiple Independently targetable Reentry Vehicle, - eller «fleire stridshovud med sjølvstendige målsøk i sluttfasen») er ei samling stridshovud som vert tekne fram til nærleiken av målet i ein ballistisk bererakett (ICBM).[1]

Diagram over MIRV-fasane.
1. Missilet vert skote ut frå silo eller transportkøyretøy ved bæreraketten sitt fyrste trinn (A).
2. Etter eitt minutt vert andre trinn tend (B) og første trinn vert droppa.
3. Etter 2 minutt vert tredje trinn tend (C) og andre trinn vert droppa.
4. 3 minutt etter utskyting vert òg tredje trinn droppa, og berre satellitten eller PBV (Post-boost vehicle) (D) held fram flukta.
5. PBV flyg til nærleiken av målet og førebur separasjon av det enkelte stridshovudet (E).
6. PBV skyt ut det enkelte stridshovudet (E) saman med narremål og metallstrimlar som forstyrrar radaren til eventuelle anti-missil-missil eller anna luftvern.
7. Det enkelte stridhovudet kjem inn i atmosfæren i høg fart og atomladningen vert avsikra slik at den er klar til detonasjon.
8. Den kjernefysiske ladninga detonerer, anten i gjeven høgd over bakken eller ved kontakt med bakken.

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. «Multiple Independently Targetable Reentry Vehicles (MIRVs)». Henta 14. juni 2014.