MS «Framstig» er ein tidlegare fiske-, passasjer- og føringsbåt, som har vorte restaurert og rigga til seglskøyte. Fartøyet vart bygd ved Risør Baatbyggeri i Risør i 1914. Skroget som er av eik vart bygd som ei sørlandsskøyte. Lengda er 57,7 fot, breidda 18,7 fot, og djuptgåande er 7,8 fot.

«Framstig» som seglskøyte

«Framstig» var kontrahert av fire eigarar frå Ålesund, som snurpe- og føringsfartøy. I 1920 vart ho seld til Ørsta Dampskipslag A/S. Ho fekk salong og styrehus, og vart sett inn i rute mellom Ørsta og Ålesund. Etter eit år i Ørsta vart ho seld til Møre Fylkes Ruteselskap, seinare Møre og Romsdals Fylkesbåter (MRF). «Framstig» gjekk som mjølke- og passasjerbåt på Sunnmøre i over 40 år. Ho vart og brukt som bilferje. Med si runde sørlandsskøyteform egna ho seg godt til det. Masta vart nedrigga og dekket forbetra, slik at fire bilar kunne plasserast tverrskips. I 1954 vart ho seld og gjekk i kystfart under ulike eigarar.

Etter av ho dreiv i land på Bud, og havarerte, vart ho overteka av Kåre Flem og Ove Nils Alvestad. Dei brukte to år på å restaurere henne og rigge henne med galeasrigg. I 1979 - 81 gjennomførte dei jordomsegling med «Framstig».

I tidsrommet «Framstig» gjekk som fjordabåt på Sunnmøre, gjekk ho under namnet var «Kaulå». Kaule, er eit sunnmørsk ord som fortel at folk er oppøste, med mykje aktivitet. Ofte er dei i tottane på kvarandre. Eit diskusjonsmøte om båten si framtid, då ho vart seld frå Ørsta, skal ha gitt opphav til klengenamnet.

Kjelder endre

  • Kåre Flem og Ove Nils Alvestad:Jorda rundt med Framstig. Grøndahl og Søn Forlag A.s.1982