Machghara er ein liten by i Bekaadalen i Libanon,[1] i Vest-Beqaa distrikt sør i Beqaa guvernement. Han ligg like nordvest for Sohmor og sørvest for Qaraounsjøen, sør for Aitanit og nord for Ain Et Tine. Iskanderkjelda ligg nordaust for byen.

Machghara
مشغرة
by
Land  Libanon
Guvernement Beqaa guvernement
Distrikt Vest-Beqaa distrikt
Koordinatar 33°31′41″N 35°39′6″E / 33.52806°N 35.65167°E / 33.52806; 35.65167
Folketal 6 800  (1997)
Kart
Machgara
33°31′41″N 35°39′06″E / 33.528055555556°N 35.651666666667°E / 33.528055555556; 35.651666666667
Wikimedia Commons: Machghara

Machghara er i dag busett av folk frå fleire religiøse grupper, som melkittar, ortodokse og sjiamuslimar. Byen ligg kring 1050 meter over havet, over 200 meter oppom elva Litani. Han er bygd oppover i fjellsida av Libanonfjella.

Historie endre

På 1800-talet under Det osmanske riket, høyrte Machghara til Damaskus wilaya, Saida wilaya, eller den sjølvstyrte provinsen Libanonfjella (Mutasarrifiya). Han vart ein del av Stor-Libanon i 1920. På grunn av dei mange vasskjeldene hadde byen mange garveri tidleg på 1900-talet.

Etter han vart ein del av Stor-Libanon (som knytt saman Bekaa, og dei nordlege og sørlege Libanonfjella) i 1920 under Det franske mandatet, vart Machghara ein garnisonsby for den franske hæren.

I åra mellom det libanesiske sjølvstendet i 1943 og den libanesiske borgarkrigen i 1975 var det velstand i Libanon og Machghara, som drog nytte av Litanidammen som vart bygd i nærleiken i 1960-åra. Dammen skapte Qaraounsjøen.

I 1977 invaderte den syriske hæren Libanon og okkuperte Machghara. Mellom 1977 og 1982 oppstod nye politiske parti i byen, som Amal og seinare Hizbollah. Machghara vart hardt råka av den israelske invasjonen av Libanon i 1982 og byen vart verande under israelske okkupasjon fram til 1985. Mange unge innbyggjarar meldte seg inn i Libanesisk nasjonal motstandsfront leia av sekulære parti som opererte gjennom den okkuperte sonen.

Mellom 1986 og 2006 vart Machghara fleire gongar bomba av israelarane.

Kjende innbyggjarar endre

Kjelder endre

  1. Le Commerce du Levanten. Société de la presse économique. 1967. s. 40. Henta 23. april 2011. 

Bakgrunnsstoff endre