Den gule flekken
(Omdirigert frå Macula lutea)
Den gule flekken (medisinsk latin macula lutea) er ein del av menneskeauget som er særleg viktig for fargesynet og for evna til å sjå små detaljar. Flekken er danna av ei lita oval grop i netthinna ved den bakre polen av auget. Han er svakt gulfarga, den horisontale diameteren er rundt 2 mm hjå vaksne menneske.
Sanseepitelet her inneheld berre tettsitjande tappar. Når ein ser direkte på noko, vil lysstrålene frå dette falla på midten av den gule flekken, fovea centralis, der synet er skarpast.
Skade på den gule flekken kan føra til stor forringing av synet. Eldre menneske kan tidvis oppleva endringar i den gule flekken, macula-degenerasjon, som kan medføra at lesesynet går tapt.
Kjelder
endre- «den gule flekk» (14. februar 2009), Store norske leksikon.
- Sandvig, Kjell, «gule flekk» (13. februar 2009), Store medisinske leksikon.