Mafjorden er ein fjordIngøya i Måsøy kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 3,5 km søraustover til Vikran i botn av fjorden.

Mafjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Måsøy
Kart
Mafjorden
71°04′03″N 24°00′36″E / 71.067597°N 24.00993306°E / 71.067597; 24.00993306

Fjorden har innløp mellom Stokkneset i sørvest og Finneset i nordaust. Det ligg fleire holmar ved innløpet til fjorden, Terningen, Sandholmen og Mafjordholmen. Nord for desse ligg Fruholmen fyr. Fiskeværet Finnes ligg på austsida heilt ytst i fjorden og litt lenger inn ligg Steinvik. Vikran er ei grend heilt inst i fjorden. Langnes er eit nes som strekkjer seg nordover i fjorden frå botn. Østerbotn ligg på austsida og Vikranleira på vestsida. Særleg Vikranleira er langgrunn og fjøra strekkjer seg over 700 meter utover i fjorden. 71°4′3.3492″N 24°0′35.759″E / 71.067597000°N 24.00993306°E / 71.067597000; 24.00993306