Magasinet Blender

Blender var eit amerikansk musikkmagasin som kalla seg sjølv «den ultimate guiden til musikk og anna». Det var òg kjend for stundom vågale bilete av kjendisar.

Det samla lister av album, artistar og songar, mellom anna over ting som var best eller verst. I kvart nummer var det meldingar av heile diskografien til ein utvald artist, der kvart album i tillegg vart analysert. Magasinet starta opp i 1994, men vart nedlagd i mars 2009 då det berre vart tilgjengeleg over Internett.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre