Magic: The Gathering

Magic: The Gathering er eit samlekortspel som blei skapt av Richard Garfield[1] og introdusert av Wizards of the Coast i 1993. Magic var det første moderne samlekortspelet og er framleis svært populært.

Magic: The Gathering-spel

Det blir spelt av to eller fleire spelarar med eigne samansette kortstokker. Magic kan også spelast på internett.

Det blir arrangert internasjonale turneringar og meisterskap i spelet. Ein kan vinne store pengepremiar, og dei beste spelarane er profesjonelle.

Det er no utgitt meir enn 23 000 ulike kort,[2] i ei heil rad med seriar. Korta er i praksis ikkje berre er til å spele med, men kan også vere sjeldne, og har dermed også blitt samleobjekt. Kortet Black Lotus, som berre fanst i dei aller første seriane, har i lang tid vore det dyraste kortet på bruktmarknaden: I 2009 låg prisen på over 4 000 kroner på bruktmarknaden.

Kjelder

endre
  1. «Magic: The Gathering Online Review». Henta 27. mai 2009. 
  2. «Gatherer». Wizards of the Coast. Henta 22. januar 2019. , the official Magic card database.
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.