Magnus Hesselberg

Norsk jurist, gardbrukar og skipsreiar

Magnus Hesselberg (11. juni 180422. januar 1877) var ein norsk sakførar, gardbrukar, skipsreiar og stortingsmann frå Tjølling. Iver Magnussen Hesselberg var far hans.

Magnus Hesselberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. juni 1804
Død

22. januar 1877 (72 år)
Tjølling

Far Iver Magnussen Hesselberg

Magnus Hesselberg var frå 1819 elev på konstruksjonsskulen i Fredriksværn. Sidan tok han over styringa av Hølens verft ved Larvik, der far hans var medeigar. I 1833 tok han norsk juridisk eksamen og fekk arbeid som underfut i Larvik. Frå same året byrja ein 44 år lang periode som forstandar for stiftinga Larvik hospital. Hesselberg var fut i Larvik 1840-45 og «oppebørselsbetjent» i Larvik og Sandefjord 1845-46. Etter å ha budd ei tid i Larvik, flytta han til farsgarden i Tjølling og var både gardbrukar og skispsreiar, i tillegg til sitt vyrkje som sakførar ved underretten.

Frå 1850 til 1871 var Hesselberg ordførar for heradsstyret i Tjølling. Han var også formann i matrikkelkommisjonen i Tjølling, og medlem i matrikkelkommisjonen for Jarlsberg amt. I 1855 stod han i spissen for skipinga av Tjølling sogneforening og var ein del år formann i foreininga.

I tida 1851-69 representerte Hesselberg jamt og samt Jarlsberg og Larvik amtStortinget. Han var i 1851 sekretær i Kyrkjekomiteen og visesekretær i Odelstinget, i 1854 og 1857 sekretær både i Lagtinget og i Næringskomite nr 2, og på Omframtstortinget 1858 var han framleis sekretær i Lagtinget. Etter å ha sagt frå seg val i 1859, kom han på ny inn att på Stortinget 1865-66 og fekk att vervet som sekretær i Næringskomite nr 2. I si siste stortingsperiode, 1868-69, var han atter sekretær i Lagtinget og elles medlem i Næringskomite nr 1. Han sa i 1871 nei til å verte vald for ein ny stortingsperiode.

Hesselberg døydde på garden sin i Tjølling, 72 år gammal.

Kjelder endre