Mahmoud Ahmadinejad
Mahmoud Ahmadinejad (fødd 28. oktober 1956) er tidlegare president i Iran og var den sjette presidenten i landet frå 2005 til 2013. Han var borgarmeister i Teheran frå 2003 til 2005, og er rekna for å vere ein religiøs konservativ leiar med islamistiske og folkelege syn. Ahmadinejad er utdanna ingeniør og var professor ved det teknologiske og vitskaplege universitetet i Iran før han vart borgarmeister.
Mahmoud Ahmadinejad | |||
| |||
Fødd | 28. oktober 1956 (68 år) Aradan | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Iran | ||
Yrke | universitetslærar, politikar, ingeniør | ||
Institusjonar | Iran University of Science and Technology | ||
Utdanna ved | Iran University of Science and Technology | ||
Ektefelle | Azam Farahi | ||
Medlem | Forbundet av det islamske Irans utviklere | ||
Verv | President i Iran 2005-2013 | ||
Føregangar | Mohammad Khatami | ||
Etterfylgjar | Hassan Rouhani | ||
Alle verv |
Ahmadinejad vart vald til president i Iran 24. juni 2005 i den andre valrunda i presidentvalet framfor rival og tidlegare president Ali Akbar Hashemi Rafsanjani, som Ahmadinejad sigra over med 61,69 % av dei rundt 28 millionar stemmene. Valdeltakinga på rundt 59,6 %. Iranske analytikarar forklarer støtta Ahmadinejad hadde, særleg blant dei fattige i landet, med den enkle livsstilen og dei populistiske meiningane hans.