Mahwa Aser
Mahwa Aser er ein slum i Sana, hovudstaden i Jemen. Mahwa Aser har kring 17 000 innbyggjarar som bur i uformelle hus utan tilgang til vatn og kloakk. Dei dårlege levevilkåra i slummen går utover helsa til innbyggjarane. Det er ingen skule i Mahwa Aser.[1]
I juli 2008 kom politiet til Mahwa Aser for å vise bort innbyggjarar som nyleg hadde flytta til området. Det vart valdelege samanstøytar mellom politiet og innbyggjarane. Kring ti hus vart øydelagde.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mahwa Aser» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ IRIN 2008, 'YEMEN: Residents of Sanaa slum battle disease, lack of water', IRIN, 3 January. Henta 1. juni 2016.
- ↑ IRIN 2008, 'YEMEN: Police clash with slum-dwellers in Sanaa', IRIN, 21 July. Henta 1. juni 2016.