Majorstuveien i Oslo
Majorstuveien (5-41, 4-38) er ein veg på Hegdehaugen og Majorstua i bydel Frogner i Oslo. Han går som ei fortsetting av Uranienborgveien etter krysset med Professor Dahls gate, over ein bakketopp og bort til Kirkeveien (Ring 2). Etter Kirkeveien held gateløpet fram som Sørkedalsveien.
Gata fekk namn i 1879 etter løkka Majorstua. Busetnaden er av varierande alder og stil.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Majorstuveien (Oslo)» frå Wikipedia på bokmål, den 21. september 2018.
- Knut Are Tvedt, red. (2010). «Majorstuveien». Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 350. ISBN 978-82-573-1760-7.
Bakgrunnsstoff
endre- «Oslo kommune – Bydelsoversikt (M)». Arkivert frå originalen 29. juli 2014.