Makroøkonomi
Makroøkonomi er økonomi som omfattar nasjonale og internasjonale økonomiske samanhengar, og tek ofte sikte på å informere om fylgjer av politiske avgjerder. Mikroøkonomi går inn på dei enkelte aktørane, til dømes hushald og bedrifter sine avgjerder i det økonomiske systemet. Tidlegare vart desse områda sett på som åtskilte einingar, men i nyare tid har samanhengen mellom makroøkonomisk handlingsrom og mikroøkonomisk åtferd fått auka merksemd.
I Noreg har makroøkonomi vore eit svært aktivt fagområde med stor merksemd innanfor politikken. Det dannar mellom anna grunnlag for dei årlege nasjonalbudsjetta. Ei rekke norske sosialøkonomar, som Ragnar Frisch, Trygve Haavelmo og Finn E. Kydland, har oppnådd internasjonal merksemd på dette område.