Maksim Tsjudov
Maksim Aleksandrovitsj Tsjudov (fødd 12. november 1982 i Mikhajlovka i Basjkortostan) er ein russisk skiskyttar. Han vart junior-verdsmeister i jaktstart og stafett i 2003. Han tok sin første verdscup-medalje med ein sølv i 20 kilometer i Brezno-Osrblie i desember 2005. Han studerer jus ved det basjkirske statsuniversitetet i Ufa. Han var med på det russiske laget til OL i Torino i 2006, der han deltok i sitt første OL, og fekk gå alle distansane utanom stafetten.
Maksim Tsjudov | |
Verkeleg namn | Максим Александрович Чудов |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 12. november 1982 (41 år) Mikhajlovka |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 2006, Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Stafett menn |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse, æra meister av idrett i Russland, Order of Friendship of Peoples |
Kortfatta merittliste
endre(per 3. februar 2007)
- Verdscup samanlagt:
- 13. plass (2005/06)
- Verdsmeisterskap:
- 31. plass (jaktstart, Hochfilzen, 2005)
- Olympiske leikar:
- Beste plassering: 9. plass (jaktstart, Torino 2006)
- Verdscuprenn:
- 2 sølv, 3 bronse